Hopp til innhold
X
Innhald

Katarina

Katarina er eit kvinnenamn frå det latinske Katharina, til det greske Aikaterínē, med uvisst opphav. Namnet vart tidleg sett i samband med katharós, "rein, kysk". Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1300 og tidlig i formene Katrin(e) og Karin(e). Sidan 1500-talet med former som det norske Kari og danske Karen. Den danske kortforma er Trine. Vi har elles den engelske og franske forma Cathrine med dei engelske kortformene Kate og Kitty, dei russiske formene Katinka og Katja, og den irske forma Kathleen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2013
Sist oppdatert: 19.09.2013