Kirsti er eit kvinnenamn som er norsk form av Kristine, mellom anna med endring av [Kri]- til [Kir]-.

Namnet har fleire variantar: Kirsten, Kirsti, Kirstin, Kjirsti.

Namnedag er 13. november. Kirsten har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kirsti

Eit utval personar med namnet Kirsti, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 197 kvinner i Noreg som hadde Kirsti som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det kan vere naturleg å presentere i same diagram dei relaterte namna Kirsten, Kirsti og Kjersti. Dei har alle opphav i eit kyrkjeleg namn (Kristine), og dei har fått ei lydleg justering på nordisk grunn. Til liks med mange andre justerte namn har Kirsti og Kjersti vore mest brukte tidleg på 1800-talet. Deretter har dei gått gradvis nedover inntil dei fekk eit oppsving på 1900-talet, Kirsti litt før Kjersti. For det danske Kirsten derimot var tilbakegangen på 1800-talet mindre markant, og på 1900-talet fekk Kirsten eit tidlegare oppsving enn Kirsti og Kjersti.

Utvikling i bruk av namnet Kirsti frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kirsti frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kirsti på 1800-talet.

Kirsti var mest brukt i Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kirsti på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kirsti var mest brukt i Hedmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Kjirsti.)

Historisk bruk av namnet Kirsti
Historisk bruk av namnet Kirsti
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg