Kjetil er eit mannsnamn som kjem av norrønt Ketill. Namnet tyder ‘hjelm; offerkjele’. Det norrøne ordet ketill går tilbake til latin catillus med tydinga ‘kjele’. Opphavleg har Kjetil truleg vore eit tilnamn.

Namnet har fleire variantar: Ketil, Kittel, Kittil, Kjetel, Kjetil, Kjetill.

Namnedag er 11. juli. Kjell har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kjetil

Eit utval personar med namnet Kjetil, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 238 menn i Noreg som hadde Kjetil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kjetil var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Kjetil.

Utvikling i bruk av namnet

Kjetil er blant dei forholdsvis få nordiske mannsnamna som fekk toppfasen sin i 1970-åra. Varianten Ketil var mest brukt like før, i siste halvpart av 1960-åra.

Utvikling i bruk av namnet Kjetil frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kjetil frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kjetil på 1800-talet.

Kjetil var – til liks med Kittil – klart mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kjetil på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kjetil var – til liks med Kittil – klart mest brukt i Telemark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ketil.)

Historisk bruk av namnet Kjetil
Historisk bruk av namnet Kjetil
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Wessén, Elias 1927: [Nordiska namnstudier]. Uppsala Universitets Årsskrift 1927:3. Uppsala.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg