Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian

Kristian er eit mannsnamn som kjem frå det latinske Chrīstiānus, til det greske khristianós, "som tilhøyrer Kristus; kristen", jamfør Apg. 11,26.
 
Namnet er kjent i Noreg sidan 1300-talet, tidleg i forma Christen eller Kristen. Kristian har vore eit dansk kongenamn sidan 1448 med formene Christiern og Christian. Den nedertyske forma Karsten eller Carsten er kjent sidan 1600-talet. Krister eller Christer er særleg brukt i Sverige, men var sjeldan i Noreg før ca. 1960.
 
Kvinnenamna Christiana, Kristine eller Christina er kjende i Noreg sidan 1100-talet som Kristin. Seinare former er Kristi, Kirstine, Kirsten, Kirsti, Kjerstine, Kjersti, Kine, Stina og Stine.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013