Hopp til innhold
X
Innhald

Lars

Lars er eit mannsnamn, som opphavleg var eit tilnamn og kjem frå det latinske namnet Laurentius, som tyder "frå (byen) Laurentum". Martyren St. Laurentius døydde i 258. Namnet er kjent i Noreg sidan 1100-talet i forma Lavrans og Laurits, Lasse sidan 1300-talet og Lars sidan 1400-talet. Andre former er Lorents og Lorentz, den engelske Lawrence og det italienske Lorenzo. Kvinnenamnet frå latin er Laurentia med den italienske kortform Laura.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 02.12.2013