Lisa er eit kvinnenamn som opphavleg er nedertysk kortform av Elisabet.

Namnet har fleire variantar: Lisa, Lise, Liza.

Namnedag er 2. september. Lise og Liss har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Lisa

Kulturell bruk

  • Lisa i Franz Lehárs operette «Smilets land» (1929).
  • Songen «Lisa gjekk til skolen, tripp, tripp, tripp, det sa.».

Kjende personar med namnet Lisa

Eit utval personar med namnet Lisa, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 450 kvinner i Noreg som hadde Lisa som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 19 jenter som fekk namnet Lisa.

Utvikling i bruk av namnet

I Danmark dominerer Lise, i Sverige Lisa. Eit liknande mønster finn vi også i namneparet Lene – Lena. Det kan vere påverknad frå Danmark og Sverige som ligg bak dei ulike kurveprofilane for Lise og Lisa. Lisa var på topp 1990–1994, og dette kan nok sjåast på bakgrunn av at Lisa nådde toppen litt før i Sverige, 1980–1984. Sidan år 1900 har Lise vore brukt omtrent dobbelt så mykje som Lisa.

Utvikling i bruk av namnet Lisa frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lisa frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lisa på 1800-talet.

Lisa var mest brukt i Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lisa på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lisa var mest brukt i Oppland.

Historisk bruk av namnet Lisa
Historisk bruk av namnet Lisa
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg