Hopp til innhold
X
Innhald

Magdalena

Magdalena eller Magdalene er kvinnenamn med opphav i det greske Magdalēnē, "ho frå byen Magdala". Opphavleg var dette eit tilnamn, jamfør Maria Magdalena, Luk 8,2. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1350.
Namnet har mange nordiske former, mellom anna Magda, Magli, Malene, Mali og Malin, som særleg er brukt i Sverige. Den franske forma er Madeleine, jamfør Marlene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013