Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus

Magnus er eit mannsnamn som er identisk med det latinske adjektivet magnus, som tyder "stor". Opphavleg var det eit tilnamn, som Carolus Magnus, Karl den store, død i 814.
 
Namnet vart brukt av nordiske vikinghøvdingar i England på 900-talet. Seinare vart det eit kongenamn, men bruken som vanleg førenamn kjem truleg av St. Magnus frå Orknøyene, som døydde i 1115. Forma Mons er kjend sidan 1400-talet. I Danmark er forma Mogens og i Sverige er ho Måns.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 02.12.2013