Innhald
Målfrid
Målfrid er eit kvinnenamn frå dei norrøne namna Malmfríðr og Málfríðr, som kjem frå malmr, som tyder "malm", og fríðr, som tyder "vakker kvinne". Namnet er kjent sidan 1100-talet.
Den første som bar namnet var Sigurd Jorsalfares hustru som var frå Russland. Namnet kan dermed vere omdanna frå eit russisk namn. Namnet var vanleg i Noreg frå slutten av 1800-talet til ca. 1950
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 02.12.2013