Hopp til innhold
X
Innhald

Margrete

Margrete er eit nordisk kvinnenamn som særleg er brukt i Danmark. Namnet er ei form av det latinske Margarīta som kjem frå det greske Margarítēs, "perle", opphavleg eit lån frå persisk. Sankt Margareta frå Antiokia levde på 200-talet. Margrete er kjent i Noreg sidan 1000-talet, først som Margrét. Fleire danske og norske dronningar har hatt dette namnet. Seinare former er Margit, Marit, Marita og Marte. Merete er ei dansk form, Märta er ei svensk form, Greta og Grete er tyske former, Margaret med kortformene Maggie og Peggy er vanlege i England. Den franske kortforma er Margot og den italienske er Margherita med kortforma Rita, jamfør Mette.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.10.2013
Sist oppdatert: 16.10.2013