Hopp til innhold
X
Innhald

Maria

Maria er eit kvinnenamn frå den gresk-latinske forma av det hebraiske namnet Mirjam. Sjå Miriam. Namnet er eitt av dei mest utbreidde kvinnenamna i kulturkrinsen vår.
 
Maria er kjend i Noreg sidan ca. 1050, gjenom dotter til Harald Hardråde, men namnet vart vanleg først mot slutten av 1500-talet i forma Mari, ofte skrive Maren. Ei sideform er Marie og ei kortform er Maia. Den engelske forma er Mary og Molly, den franske er Marie og Marion, sjå Marianne. På spansk og italiensk er forma Marita.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.12.2013
Sist oppdatert: 02.12.2013