Marianne

Marianne [uttales marjan] brukes som populært navn på den franske republikken, etter et hemmelig republikansk selskap under det andre keiserdømmet (1852–1870). Framstillinger av Marianne har vært vanlige på franske frimerker, hun er gjerne fremstilt med frygisk lue, ofte med fransk kokarde. En byste av Marianne står utstilt i mange franske rådhus, den er modellert med fotomodellen og filmskuespilleren Laetitia Casta (f. 1978) som modell. Tidligere byster har hatt bl.a. Brigitte Bardot, Mireille Mathieu og Catherine Deneuve som modeller.

Av /※.

Marianne er eit kvinnenamn som kan vere ei samanskriving av dobbeltnamnet Mari Anne. I Frankrike er Marianne diminutiv («vesleform») av Marie.

Namnet har fleire variantar: Marian, Mariane, Mariann, Marianna, Marianne.

Namnedag er 21. november. Mariann har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Marianne

Kulturell bruk

  • «Mariannes brev» (1946) og «Marianne på sykehus (1948) av Odd Brochmann. Desse forteljingane kan ha medverka til framgang for namnet etter krigen.

Kjende personar med namnet Marianne

Eit utval personar med namnet Marianne, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 17 642 kvinner i Noreg som hadde Marianne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Marianne var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 7 jenter som fekk namnet Marianne.

Utvikling i bruk av namnet

Både Marianne og Mariann byrja på eit oppsving i 1940-åra, og begge nådde toppen i 1965–1969. Marianne kan forklarast som eit fransk namn, men kurveprofilen til Marianne stemmer ikkje med dei franske namna, for dei hadde toppfasen innanfor tidsrommet 1975–2009. Ut frå dette kan det vere vel så rimeleg å sjå på Marianne og Mariann som norske namn samansett av Mari og Ann(e), for samansette norske kvinnenamn var mest brukte innanfor perioden 1920–1949. Sidan år 1900 har Marianne vore brukt nesten seks gongar meir enn Mariann.

Utvikling i bruk av namnet Marianne frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Marianne frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Marianne på 1800-talet.

Marianne var mest brukt i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Marianne på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Marianne var mest brukt i Nord-Trøndelag og Nord-Noreg.

Historisk bruk av namnet Marianne
Historisk bruk av namnet Marianne
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg