Markus er eit mannsnamn som kjem av latin Marcus som kanskje går tilbake til namnet på den romerske krigsguden Mars.

Namnet har fleire variantar: Marcus, Markus.

Namnedag er 25. april. Mark har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Markus

Kulturell bruk

  • Markus er hovudperson i «Kilden» (1918) av Gabriel Scott.

Kjende personar med namnet Markus

Eit utval personar med namnet Markus, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 426 menn i Noreg som hadde Markus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Markus var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 111 gutar som fekk namnet Markus.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Markus og Marcus slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Markus og Marcus er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Mathias, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Dette viser seg også ved ein internasjonal stavemåte av nokre av desse namna, til dømes Marcus i staden for Markus.

Utvikling i bruk av namnet Markus frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Markus frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Markus på 1800-talet.

Markus var mest brukt i Troms.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Markus på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Markus var mest brukt i Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Marcus.)

Historisk bruk av namnet Markus
Historisk bruk av namnet Markus
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg