Hopp til innhold
X
Innhald

Martin

Martin er eit mannsnamn, ei kortform frå det latinske Martīnus, som er avleidd frå gudenamnet Mars.
 
Namnet er kjent i Noreg frå 1200-talet, først i forma Marteinn, frå 1400-talet som Morten. I Danmark kom Morten i bruk frå 1300-talet. Sankt Martin frå Tours som døydde i 397, er Frankrikes nasjonalhelgen.
 
Namnet Martin vart teke i brukt att på 1800-talet. Kvinnenamnet Martine er kjent frå 1700-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013