Mathias er eit mannsnamn som – til liks med Matheus – går tilbake til det hebraiske Mattitja som tyder ‘Guds gåve’. Dei har gått ulike utviklingsvegar frå det hebraiske utgangspunktet, og dette har resultert i to ulike former: Mathias (gresk) og Matheus (latin).

Namnet har fleire variantar: Mathias, Matias, Matthias, Mattias.

Kjende personar med namnet Mathias

Eit utval personar med namnet Mathias, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 12 395 menn i Noreg som hadde Mathias som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Mathias var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 219 gutar som fekk namnet Mathias, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Mathias er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Sidan år 1900 har Mathias vore brukt 8,5 gongar meir enn Matias.

Utvikling i bruk av namnet Mathias frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Mathias frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg