Mildrid er eit kvinnenamn som finst på 1300-talet i den norrøne forma Mildríðr. Det er truleg innlånt frå gammalengelsk Mild-thryth. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘mild’ og etterleddet ‘makt’.
Mildrid
Kjende personar med namnet Mildrid
Eksempel på ein person med namnet Mildrid som er omtalt i Store norske leksikon:
- Liv Mildrid Gjernes (1954)
Namnestatistikk
I 2022 var det 564 kvinner i Noreg som hadde Mildrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Mens hovudtyngda av dei engelske kvinnenamna var mest populære 1915–1924, vart Mildrid mest brukt litt seinare, i 1930-åra.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Mildrid var klart mest brukt i Møre og Romsdal (Romsdal og Nordmøre). (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Mildri.)
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.