Hopp til innhold
X
Innhald

Natalie

Natalie er eit fransk kvinnenamn som kjem frå det latinske (diēs) nātālis, "fødselsdag", det vil seie Jesu fødselsdag. Namnet vart truleg først brukt for jenter som vart fødde på 1. juledag. Namnet vert òg skrive Nathalie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013