Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolai

Nikolai er eit russisk mannsnamn som kjem frå det greske Nikólaos, som er samansett av níkē, "siger", og láōs, "folk". Den latinske forma er Nic(h)olaus. Utbreiinga kjem frå Nikolaus av Myra, Sankt Nikolaus. Namnet har fått mange former. I Noreg kjem det som Nikolás på 1000-talet, seinare mellom anna Niklas, og frå ca. 1380 òg som Nils, frå danske Niels, som vart den vanlege norske forma. Den tyske kortforma Klaus, med sideformene Claus eller Klas, er kjent i Noreg sidan 1300-talet. Den engelske forma er Nicholas med kortform Nick. Nikolai fell formelt saman med latinsk genitiv av Nic(h)olaus, og førenamnet har mest truleg dette opphavet. Frå den dansk-svenske kjæleforma Nisse stammar fellesnamnet nisse på det som tidlegare vart kalla gardvette eller tuftekall, og som i det 20. hundreåret har vorte den standardiserte julenissen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.09.2013
Sist oppdatert: 19.09.2013