Oddbjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Odd-bjǫrg. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘odd, spiss; spyd’ og etterleddet ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Odbjørg, Oddbjørg.

Namnedag er 16. desember. Oddbjørn har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Oddbjørg

Eit utval personar med namnet Oddbjørg, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 284 kvinner i Noreg som hadde Oddbjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Det er elles eit fellestrekk ved dei mest brukte namna med forleddet Odd- at dei var på topp i 1930-åra: Oddbjørg, Oddlaug, Oddny, Oddrun og Oddveig.

Utvikling i bruk av namnet Oddbjørg frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Oddbjørg frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg