Hopp til innhold
X
Innhald

Olav

Olav er eit mannsnamn frå det urnordiske AnulaiƀaR, samansett av anu, "forfar", og laiƀaR, norrønt leifr, "arving, etterkomar". Sideform er Oleiv, norrønt Óleifr. Utbreiinga kjem frå Heilag-Olav. I talemålet dominerte forma Ola på 1500-talet, men Olav og Olaf vart teke opp att på 1800-talet. Dei danske formene Oluf og Ole er vanlege i skrift frå høvesvis ca. 1500- og 1700-talet. Den svenske forma er Olof. Den latiniserte forma er Olaus. Genitivsforma i latin, Olai, har òg vore noko brukt som førenamn, jamfør Nikolai.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013