Otto er eit mannsnamn som er tysk kortform av namn med forleddet Ot- som tyder ‘rikdom’, til dømes Otmar. Forleddet Ot- svarer til det norske Aud- med same tyding.

Otto er likt forlengs og baklengs, noko som gjeld svært få førenamn.

Namnet har fleire variantar: Otte, Otto.

Namnedag er 4. november. Ottar har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Otto

Eit utval personar med namnet Otto, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 725 menn i Noreg som hadde Otto som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 33 gutar som fekk namnet Otto.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874. Ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Otto gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Sivert og Wilhelm.

Utvikling i bruk av namnet Otto frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Otto frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Otto på 1800-talet.

Otto var mest brukt i Akershus og Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Otto på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Otto var mest brukt i Akershus og Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Otho.)

Historisk bruk av namnet Otto
Historisk bruk av namnet Otto
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg