Hopp til innhold
X
Innhald

Ove

Ove er eit mannsnamn frå det gamaldanske Aghi, som er ei kortform av namn med førsteleddet Agh, "spyd, sverdegg" eller "frykt, age".  Eller kan hende kjem det frå *AgæiRR, som har det norrøne geirr, "spyd", som etterledd. Namnet er kjent i Noreg sidan 1600-talet.
(* rekonstruert form)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013