Hopp til innhold
X
Innhald

Paul

Paul er eit mannsnamn frå det latinske Paulus, eit romersk slektsnamn som opphavleg var eit tilnamn med tydinga "liten". Bruken som førenamn kjem frå apostelen Paulus. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1100 i forma Páll, som kanskje kjem frå engelsk. Formene Pål og Paul har vore dei vanlegaste i Noreg. Den danske forma er Poul, den engelske, franske og tyske er Paul, den finske er Paavo og den russiske Pavel. Kvinnenamnet Pauline har vore brukt i Noreg frå 1700-talet. Paula vart vanleg mot slutten av 1800-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 02.12.2013