Hopp til innhold
X
Innhald

Per

Per er eit mannsnamn som er ei nordisk form av det greske Pétros, "stein", omsett frå arameisk Kēfā, "Klippen", som var tilnamnet til apostelen Simon, Matt 16,18. Namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1120 som Pétr.
Seinare former er Peder, Peter, Petter og Per. Elles har vi den latinske forma Petrus, den finske Pekka, den franske Pierre, den italienske Pietro, den russiske Pjotr og den spanske Pedro.
Kvinnenamna Petra og Petrine er kjende sidan 1700-talet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013