Hopp til innhold
X
Innhald

Pernille

Pernille er eit kvinnenamn, ei nordisk form av det latinske Petronella, som er ei kjæleform av Petronius, eit romersk slektsnamn med uvisst opphav. Pernille er kjent i dansk sidan 1375 og vart mykje brukt i Noreg frå 1700-talet til ca. 1900. Namnet vart populært att frå ca. 1970.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.12.2013
Sist oppdatert: 03.12.2013