Peter er eit mannsnamn som kjem av latin Petrus med opphav i gresk Petros som er ei omsetjing av arameisk Kefa med tydinga ‘stein, berg, klippe’.

Namnet har fleire variantar: Peder, Peter, Petter.

Namnedag er 29. juni. Per og Petter har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Peter

Kulturell bruk

  • «Peter Pan» (1904) eventyrspel for barn skrive av James M. Barrie.

Kjende personar med namnet Peter

Eit utval personar med namnet Peter, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 951 menn i Noreg som hadde Peter som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 37 gutar som fekk namnet Peter.

Utvikling i bruk av namnet

Peder var mykje brukt på 1800-talet, og det låg som nummer 5 på ranglista både i 1805–1809 og 1830–1834. Deretter gjekk det jamt nedover med denne danske forma til eit botnnivå frå midten av 1900-talet. Ifølgje «Norsk personnamnleksikon» var Peder ofte ein skrivemåte av Per til og med 1800-talet, men rundt 1900 fekk Peder også innpass i talemålet. Kurva for Peder på 1800-talet inkluderer dermed mange belegg på talemålsforma Per. Peter var mest brukt midt på 1800-talet, og namnet skil seg ut frå hovudtyngda av dei bibelske mannsnamna ved at det ikkje fekk eit oppsving rundt år 2000. Petter, som er ei lydleg justering av Peter på norsk og svensk grunn, hadde den fyrste toppfasen i 1870-åra og den neste i 1990-åra.

Utvikling i bruk av namnet Peter frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Peter frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Peter på 1800-talet.

Peter var mest brukt i Nord-Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Peter på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Peter var mest brukt i Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Pether.)

Historisk bruk av namnet Peter
Historisk bruk av namnet Peter
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg