Rannveig er eit kvinnenamn. Forleddet Rann- kan enten gå tilbake til det norrøne rann med tydinga ‘hus’ eller til Ragn- (som i Ragnveig) med tydinga ‘råd; avgjerd’. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.

Namnet har fleire variantar: Randveig, Rannaug, Rannei, Rannveig, Ranvei, Ranveig.

Namnedag er 9. april. Rønnaug har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 055 kvinner i Noreg som hadde Rannveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Rannveig og stavevarianten Ranveig var mest brukte i perioden 1930–1949. Dei kjem dermed inn under hovudperioden for dei samansette nordiske namna (1920–1949). Frekvensanse for dei to variantane er slått saman og er presenterte med ei felles kurve.

Utvikling i bruk av namnet Rannveig frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Rannveig frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rannveig på 1800-talet.

Rannveig var klart mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rannveig på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rannveig var klart mest brukt i Hordaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rannvei.)

Historisk bruk av namnet Rannveig
Historisk bruk av namnet Rannveig
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].[/li][li]
  • Pellijeff, Gunnar 1957: Namnet Rannveig, Anthroponymica Suecana 2. Uppsala.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg