Rasmus er eit dansk mannsnamn som via det latinske Erasmus går tilbake til gresk Erasmios som tyder ‘elskeleg’.

Namnedag er 3. juni. Rakel har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Rasmus

Kulturell bruk

  • I «Erasmus Montanus» av Ludvig Holberg tar Rasmus Berg i bruk ein latinisert versjon av namnet sitt: Erasmus Montanus.
  • Barneboka «Rasmus på loffen» (1956) av Astrid Lindgren, filmatisert i 1981, kan ha medverka til populariteten dei siste åra.

Kjende personar med namnet Rasmus

Eit utval personar med namnet Rasmus, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 707 menn i Noreg som hadde Rasmus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 17 gutar som fekk namnet Rasmus.

Utvikling i bruk av namnet

Rasmus og Torjus har lik lydstruktur (endar på -us), og dei har også lik kurveprofil – med fyrste toppfase tidleg på 1800-talet og den neste på 2000-talet. Men språkleg har dei ulik bakgrunn – Rasmus gresk-latinsk, Torjus nordisk (av Torgils).

Utvikling i bruk av namnet Rasmus frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Rasmus frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rasmus på 1800-talet.

Rasmus var mest brukt i Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rasmus på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rasmus var mest brukt i Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Rasmus
Historisk bruk av namnet Rasmus
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alver, Brynjulf 1981: [Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon]. 2. utg. Oslo–Bergen–Tromsø.[/li][li]
  • Schmidt, Tom 1992: [Rasmus] i Norge – et typisk nordfjordnavn? [Avdeling for namnegransking. Årsmelding 1991]. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg