Rigmor er eit kvinnenamn som truleg er ei dansk omtolking av det tyske Rik-moth. Forleddet tyder ‘mektig’ og etterleddet ‘ånd; mot’.

I eldre dansk vart -mot omtolka til -mor.

Namnedag er 7. februar. Rikard har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Rigmor

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var husmor Rigmor Eger fødd 1853 i Stavern (Fredriksvern, Vestfold), busett i Kristiania i 1900.

Kulturell bruk

  • Rigmor er eit dansk folkevisenamn.
  • Rigmor er heltinne i B.S. Ingemanns roman «Valdemar Sejr» (1826).

Kjende personar med namnet Rigmor

Eit utval personar med namnet Rigmor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 070 kvinner i Noreg som hadde Rigmor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det danske Rigmor har ein struktur som minner om dei norske samansette namna, og namnet (med topp i 1940-åra) ligg delvis innanfor toppfasen for dei norske samansette namna 1925–1944.

Utvikling i bruk av namnet Rigmor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Rigmor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hornby, Rikard 1978: [Danske Personnavne]. København.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg