Rolf kjem av det norrøne mannsnamnet (H)rólfr som er ei samantrekt form av *Hró(ð)-olfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘ulv’.

Namnet har fleire variantar: Rolf, Rolv.

Namnedag er 27. august. Roald har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Rolf

Eit utval personar med namnet Rolf, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 735 menn i Noreg som hadde Rolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Rolf var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Rolf.

Utvikling i bruk av namnet

Rolf var på topp i 1920-åra, mens Rolv hadde ein litt lengre toppfase (1920–1939). Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde, som Rolv, toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf. Sidan år 1900 har Rolf vore brukt 26 gongar meir enn Rolv.

Utvikling i bruk av namnet Rolf frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Rolf frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rolf på 1800-talet.

Rolf var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Rolf på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rolf var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Raalf.)

Historisk bruk av namnet Rolf
Historisk bruk av namnet Rolf
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg