Sara er eit hebraisk kvinnenamn som tyder ‘fyrstinne’.

Namnet har fleire variantar: Sahra, Sara, Sarah, Zahra, Zara.

Namnedag er 16. mai. Samira og Siren har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Sara

Eit utval personar med namnet Sara, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 530 kvinner i Noreg som hadde Sara som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Sara var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 199 jenter som fekk namnet Sara, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Frå tidleg på 1800-talet gjekk Sara sakte tilbake inntil namnet nådde botnen i 1960-åra. Frå 1980-åra stig det bratt, og dette kan sjåast i samanheng med den internasjonale trenden med oppsving for bibelske namn (særleg mannsnamn) på denne tida. Sidan år 1900 har Sara, som står i den norske bibelen, vore brukt nesten tre gongar meir enn den internasjonale stavemåten Sarah.

Utvikling i bruk av namnet Sara frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Sara frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sara på 1800-talet.

Sara var mest brukt i Vest-Agder og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Sara på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Sara var mest brukt i Vest-Agder og Nordland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Sarah.)

Historisk bruk av namnet Sara
Historisk bruk av namnet Sara
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg