Hopp til innhold
X
Innhald

Selma

Selma er eit kvinnenamn som er ei kortform av det tyske Anselma, frå Anselm, av Ans-, som tyder "gud" og -helm, som tyder "hjelm".
Namnet har òg eit keltisk opphav som namn på Fingals borg i MacPhersons Ossiandikt frå 1760-åra. Selma er kjent som førenamn i tysk dikting frå slutten av 1700-talet.
Namnet er kjent i Noreg sidan 1846.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.12.2013