Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd

Sigurd er eit mannsnamn med opphav i det norrøne Sigurðr, frå Sigvarðr, av sigr, "siger", og vǫrðr, "vaktar". Sigurd var det mest brukte mannsnamnet i Noreg fram til ca. 1350 og var òg eit kongenamn. Namnet var svært vanleg i ulike former seinare òg, særleg Sjur(d). Elles har vi tyske former eller former som er påverka av tysk, som Sigvard, Sigvart, Siver(t) og Syver, men i kjeldene er desse ofte berre skriftformer av Sjurd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.12.2013