Hopp til innhold
X
Innhald

Simen

Simen er eit mannsnamn, ei norsk form av det greske Símōn, frå adjektivet sīmós, "som har oppstopparnase". Namnet har ofte vorte oppfatta som ei form av det hebraiske Sjimōn, "vidgjeten", fordi jødiske skrivarar omsette dette med Simon, 1 Mos 29, 33, Matt 4, 18. Det greske namnet er kjent i Noreg sidan ca. 1140, i forma Simen sidan 1400-talet, og då delvis blanda saman med Sigmund. Det hebraiske namnet er kjent i forma Simian og liknande frå 1300-talet, men vart tidleg avløyst av Simon og Simen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.12.2013