Hopp til innhold
X
Innhald

Sofie

Sofie eller Sofia er eit gresk kvinnenamn, same ordet som sophía, "visdom, sunn dømekraft", jamfør det no uvanlege mannsnamnet Sofus, frå latin Sophus, frå gresk Sophós, "vis". Sofie er kjent i Noreg sidan 1600-talet. Namnet vert ofte skrive Sophie. Sonja er ei russisk kjæleform av Sofie og vart teke i bruk som kvinnenamn utanfor Russland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 10.12.2013