Namnedag er 17. februar. Aleksandra og Sandra har også namnedag denne dagen.
Sondre
Kjende personar med namnet Sondre
Eit utval personar med namnet Sondre, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sondre Norheim (1825)
- Sondre Bratland (1938)
- Sondre Kåfjord (1948)
- Sondre Justad (1990)
- Sondre Nordstad Moen (1991)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, er det forholdsvis få som har vore på topp etter 1990, til dømes Brage, Brede, Sigve, Sindre, Snorre, Sondre, Vetle og Ådne. Grunnen til at Sondre vart populært i 1990-åra, er truleg at OL-stafetten før OL i 1994 starta i Morgedal der skilauparen Sondre Nordheim (1825–1897) var fødd.
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Magnússon, Ásgeir Blöndal 1989: [Íslensk orðsifjabók]. Reykjavík.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.