Hopp til innhold
X
Innhald

Stefan

Stefan er eit mannsnamn frå det greske Stéphanos, "krone, (heiders)krans". Den første kristne martyren var Sankt Stefanus, Apg. 6–7. Namnet er kjent i Noreg sidan 1200-talet, vanlegvis skrive Stefán eller Stephán. Ei seinare norsk form er Steffen, den svenske er Staffan. I England er forma Stephen med kortforma Steve.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2013
Sist oppdatert: 10.12.2013