Hopp til innhold
X
Innhald

Steinar

Steinar er eit mannsnamn som kjem frå det norrøne steinn, "stein", og -arr, som etter forma i ei båhuslensk runeinnskrift frå 400–500-talet truleg kjem frå det urnordiske warjaR, "verjar". -arr kan elles kome av harjaR, "krigar", og gaiRaR, "spyd". Steinar er kjent frå ca. 1380 og vert òg skrive Stener og liknande, jamfør det svenske namnet Stenar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.10.2013
Sist oppdatert: 31.10.2013