Hopp til innhold
X
Innhald

Therese

Therese eller Theresa er eit kvinnenamn frå det eldre Theresia, som ein ikkje kjenner opphavet til. Somme meiner at namnet vart danna frå eitt av dei greske øynamna Thēra eller Thērasíā, andre meiner at det kjem frå det greske ordet thera, som tyder "jakte, forfølgje". Utbreiinga kjem truleg frå den spanske Sankt Teresa av Avila som døydde i 1582. Namnet er kjent i Noreg sidan 1700-talet. Skrivemåtar kan òg vere Terese og Teresa med kortforma Thea.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.12.2013