Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas

Thomas er eit gresk mannsnamn med opphav i det hebraiske Tōmā, "tvilling". I norske bibelomsetjingar er skrivemåten Tomas. Utbreiinga kjem delvis frå apostelen, den vantru Thomas, men òg Thomas av Canterbury (Becket), død i 1170. Namnet er kjent i Noreg sidan 1200-talet, òg skrive T(h)ommes og Tomas. Den engelske kortforma er Tom og Tommy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.12.2013