Hopp til innhold
X
Innhald

Tor

Tor er eit norrønt mannsnamn med to opphav. For det første gudenamnet Þórr, danna til ei rot *þun-, "dundre, torne". Dette er ikkje brukt som førenamn i eldre tid, men går inn både som føre- og etterledd i ei rekkje samansette namn. For det andre har vi ei nyare skrift- og uttaleform av Tord, frå det norrøne Þórðr, eldre Þorrøðr, av Þórr, Tor, og -frøðr, til friðr, "fred", som namneledd som kanskje tyder "vern".
Tord var svært vanleg i mellomalderen, medan Tor har dominert i moderne tid. Skrivemåten Thor er mindre vanleg, men førekjem òg i samansette namn som Thorstein med fleire.
(* rekonstruert form)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 11.12.2013