Torleif er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-leifr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘arving, etterkommar’.

Namnet har fleire variantar: Thorleif, Thorleiv, Tollef, Tolleif, Tolleiv, Tollev, Torleif, Torleiv.

Namnedag er 27. november. Torlaug har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Torleif

Eksempel på ein person med namnet Torleif som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 041 menn i Noreg som hadde Torleif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Torleif og Thorleif slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Torleif høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Torleif, som var på topp 1910–1924, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Torleif frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Torleif frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torleif på 1800-talet.

Torleif var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Torleif på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Torleif var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorleif.)

Historisk bruk av namnet Torleif
Historisk bruk av namnet Torleif
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg