Trude er eit kvinnenamn som er kortform av namn på -trud, særleg Gjer-trud, der forleddet tyder ‘spyd’ og etterleddet ‘kraft’.

Trude er kanskje innlånt frå tysk.

Namnedag er 17. mars. Gjertrud har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Trude

Eit utval personar med namnet Trude, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 966 kvinner i Noreg som hadde Trude som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Trude, med topp 1970–1974, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Trude frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Trude frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg