Trygve er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Tryggvi som tyder ‘trygg’. Dette var opphavleg eit tilnamn laga til det norrøne adjektivet tryggr med tydinga ‘trygg’. Namnet kom i bruk att i 1842.

Namnet har fleire variantar: Tryggve, Trygve.

Namnedag er 9. september. Trym og Tyra har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Trygve

Eit utval personar med namnet Trygve, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 840 menn i Noreg som hadde Trygve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 33 gutar som fekk namnet Trygve.

Utvikling i bruk av namnet

Trygve er eit namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen. Eit sentralt kongenamn i Snorre er Olav Tryggvason der patronymet Tryggvason er laga til det norrøne førenamnet Tryggvi. Trygve har også ein kurveprofil som er felles for mange renessansenamn, for Trygve byrja å stige i 1870-åra og fekk ein topp 1905–1909.

Utvikling i bruk av namnet Trygve frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Trygve frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Trygve på 1800-talet.

Trygve var klart mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Trygve fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Trygve på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Trygve var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Tryggve.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Trygve fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Trygve
Historisk bruk av namnet Trygve
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg