Hopp til innhold
X
Innhald

Unn

Unn er eit kvinnenamn med opphav i det norrøne Unnr, som truleg kjem frå verbet unna, "å elske", men det fell òg saman med eit ord for "bølgje". I norrøn mytologi er Unn dotter av havguden Ægir, sjå Æge. Namnet har vore kjent sidan mellomalderen, men vart først vanleg rundt 1960. Unn er etterledd i mange samansette namn, til dømes Jorunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.10.2013
Sist oppdatert: 31.10.2013