Unni er eit nyare nordisk kvinnenamn. Det har Unn- som forledd, og dette forleddet kan setjast i samanheng med norrønt unna som tyder ‘elske’. Etterleddet kan opphavleg ha vore -ny som tyder ‘ny’.

Namnet har fleire variantar: Uni, Unni, Unnie, Unny.

Namnedag er 28. desember. Une, Une og Unn har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Unni

Eit utval personar med namnet Unni, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 650 kvinner i Noreg som hadde Unni som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Unni var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Unni har ein struktur som liknar på dei samansette nordiske namna, men namnet kan ikkje delast i eit klart forledd og etterledd. Namnet var på topp i 1950-åra, og dette er litt seinare enn hovudperioden for dei samansette namna 1920–1949.

Utvikling i bruk av namnet Unni frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Unni frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Unni på 1800-talet.

Unni var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Unni på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Unni var klart mest brukt i Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Unni
Historisk bruk av namnet Unni
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Knut Bjørgen

Navnet Unni finnes også i Bibelen, Det gamle testamente, 1. Krønikebok, kap. 15, vers 20, som navn på en harpespiller da arken ble båret inn i Jerusalem. Er vel der sannsynligvis et mannsnavn, men kan det ha ha hatt påvirkning på at navnet kom i vanlig bruk i Norge? Knut Gråskjegg

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg