Vegard er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Vé-garðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘heilag stad’ og etterleddet ‘gjerde, vern’. Namnet kom i bruk att i 1888.

Namnet har fleire variantar: Vegar, Vegard, Wegar, Wegard.

Namnedag er 31. mars. Vebjørn har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Vegard

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i folketeljinga av 1900, kan ha vore kontorist Wegard Hall fødd 1876 i Valdres, busett i Kristiania i 1900. I kyrkjeboka er han oppført som Vegger (opplysning frå Kristoffer Kruken).

Kjende personar med namnet Vegard

Eit utval personar med namnet Vegard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 301 menn i Noreg som hadde Vegard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Vegard var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 31 gutar som fekk namnet Vegard.

Utvikling i bruk av namnet

Vegard – og varianten Vegar – er blant dei få samansette nordiske namna som fekk toppfasen sin på slutten av 1900-talet. Andre døme er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund.

Utvikling i bruk av namnet Vegard frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vegard frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg