Vibeke er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Wibeke som er nedertysk kjæleform av Wiebe som er kortform av tyske namn på Wig- med tydinga ‘kamp’, til dømes Wig-burg.

Namnet har fleire variantar: Vibece, Vibeche, Vibecke, Vibeke, Vibekke, Wibeche, Wibecke, Wibeke, Wibekke.

Namnedag er 12. oktober. Valter har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Vibeke

Kulturell bruk

  • Vibeke i skodespelet «Oppbrudd» (1936) av Helge Krog.

Kjende personar med namnet Vibeke

Eit utval personar med namnet Vibeke, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 883 kvinner i Noreg som hadde Vibeke som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med trestava namn på -a har også nokre trestava namn på -e vore mest populære i siste del av 1900-talet eller tidleg på 2000-talet. I tillegg til Vibeke (på topp 1970–1974) gjeld dette til dømes Adele, Anine, Irene, Jannicke, Kathrine, Marlene og Merete.

Utvikling i bruk av namnet Vibeke frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Vibeke frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg