Victor er eit mannsnamn som går tilbake til det latinske ordet victor som tyder ‘sigerherre’.

Namnet har fleire variantar: Victor, Viktor, Wictor, Wiktor.

Kjende personar med namnet Victor

Eit utval personar med namnet Victor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 141 menn i Noreg som hadde Victor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 90 gutar som fekk namnet Victor.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Viktor og Victor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Viktor og Victor er blant dei latinske namna som har hatt toppfasen sin på eit seint tidspunkt (etter 2000). Andre døme er Adrian, Fabian, Felix, Julian og Marius.

Utvikling i bruk av namnet Victor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Victor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg