Hopp til innhold
X
Innhald

Wilhelm

Wilhelm er eit mannsnamn som kjem frå det gamaltyske Willahelm og Willihelm, med namneledd som svarar til det norrøne vili, som tyder "vilje, lyst", og hjalmr, som tyder "hjelm". Namnet vart lånt inn til Noreg ca. 1100 gjennom engelsk og vart då skrive Vilhjalmr og Viljamr og liknande.
 
Wilhelm vart eit vanleg namn i Europa i mellomalderen, særleg i England på grunn av Vilhelm Erobraren, William. Seinare vart det eit vanleg fyrste- og kongenamn, som har fått mange ulike former, til dømes Guillaume på fransk, Guglielmo på italiensk og Willem på nederlandsk.
 
Den engelske versjonen, William, har vore brukt til ein viss grad her sidan slutten av 1800-talet. Engelske kortformer er Will, Willy, Bill, Billy.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.12.2013